lørdag 28. juni 2014

Av alle farger i verden her..

Så velger eg svart...?!?
Er det mulig? No har eg kjempa imot lenge.. har liksom tviholdt på den shabby`e delen av meg sjølv.. Rosa, pastell, roser, blonder osv.. Så har eg kjent lenge at eg synes det er fint å bryte med svart. Det blir så mye kvitt liksom. Og så vanskelig å finne farger som passer alt. Eg har nemlig observert at mange har putta svart inn i heimen igjen. Er så fint å bryte opp litt. Men nei, det skjer ikkje hos meg! ( tenkte eg...) Men så plutselig eksploderte eg her ein dag.. Då klarte eg berre ikkje holde igjen. Så vips.. ja, så vart det svart her og da.
Puter, gardiner, lykter, vaser osv...Mon tro om unge Bryn har tenkt å vandre inn i ein ny epoke? Blir det mot den nordiske interiørstilen nasen vender?? Trur jammen det blir en salig blanding. 







Fargekoder i snekkerboden er for tida; grått, svart, kvitt, beige, brun, natur, tre, sink..
For eit rot!! Men kansje eg klarer å finne ein harmoni med det?  



fredag 30. mai 2014

EpLeTrE

EpLeTrE

Sola skinner over Vossabygda og sommeren har meldt sin ankomst.. 
Da er det på tide å slå graset, vatne blomane og plante på nytt.. I år blei det endelig til at me kjøpte oss eit epletre.. Dette har me snakka om lenge.
Etter at me hadde betalt og komt oss til bilen, hadde me nokre minutt med latterkrampe før me omsider kom oss heim.. 


Joda.. Stakkars vaktmannen måtte gå heim med epletre`et i hånda. Spontant epletrekjøp kan straffe seg.. 

Men no er epletreet planta godt ned i jorda og vaktmannen duller med det som om det skulle komme gull epler av det.

 No er me svært spent på om det kjem epler :) 


Me har nemlig eit kirsebærtre, men det har fått sjuka, så det har blitt klatre tre`et til gutta. Når me var på visning på huset her i 2010 så hang gutta i tre`et fra me kom til me gikk, så det har liksom blitt litt symbolsk. Det var i grunn bildet av gutta i tre`et som viste oss framtida her i snekkerboden. Så me har ikkje hjerte til å hugge det ned. Hvis noen der ute har noen gode råd, så er det berre å komme med det!!


Ellers fekk eg og Ava planta litt nye stauder. Dei fleste me hadde fra før klarte ikkje motstå kong vinter. 



 Me er langt i fra ferdige med plantinga for i år.. Eg ønsker meg nemlig 2-3 magnolia tre.. 



Ha ei fin helg folkens!!


lørdag 24. mai 2014

Bambi

Bambi

Ava har fått seg ny nattlampe :)  
Har jo hatt denne bambi nattlampen på ønskelista lenge.. og plutselig ein dag kom eg over den på 40%. 
Da slo eg til. Den var jo mye større enn eg trudde, men fin var den!!



Ellers har eg kjøpt mye fra sebra. Har de sett dei fine teppene?? dyre, men fine! Ava fekk eit til dåpen. Da hadde jo mor i huset for lengst planlagt rommet ...  i detaljer.. Ho fekk også denne sebra dukkevogna, dukka og puta/dyna. Har også kjøpt fleire knagger og kleshengere, men har ikkje hengt dei opp enda. Det er mulig det blir litt endringer i denne detaljerte planen. hihi.. 

 
I dag blir det rydding og sortering av klær her i snekkerboden. Her ligger det fremdeles ull i skapet. Tenker ungene har ei lang liste på alt dei treng til sommeren. Dei vokser så fort..

Ha ei fin helg alle!! 

mandag 12. mai 2014

Meir platting og basseng

Meir platting og basseng

 Da blogges det igjen etter gammelt.. Det går nemlig i hundre her i snekkerboden skjønner de, ja, sånn som det gjer hos dei fleste vil eg tru :) 

Me har i den siste tida begynt på eit nytt prosjekt. Dei fleste vil sei det er galskap, men det er ikkje så gale som det høres ut som. I 2011 bygde me nemlig ein stor platting på eine kortsida av huset. Den er  på ca.70m2. Og no lager me ein ny platting som forlenger eksisterende platting. Så kan du lure på kvifor me treng den..

I fjor da lille prinsessa kom til verden, var eg aleine med ungene ein kort periode fordi min kjære vaktmann var vekkreist. Så, for at eg skulle få litt avlastning kom eg på den gode ideen at eg skulle kjøpe eit nytt basseng til guttene. Når eg hadde kikka litt kom eg over eit litt større basseng på heile 3,66m i diameter. 



Det kosta vel ca 1500kr. Me kjøper nytt basseng kvart år pga hull og div. Så eg rekna kjapt i hodet at eg fort ville tjene inn igjen dette bassenget. Eg slo til og må inrømme at det var verdt kvar eineste krone! I tillegg til mye leik og underholdning, lærte eldstemann å svømme!

Her ser de litt av utvalget Toysrus har. Mål, størrelser og utstyr. 



Me har basseng nr 4. Det minste av dei største. Siden bassenget er 3,66m i diameter seier det seg sjølv kor mykje av den store fine plattingen som forsvinn. Så no bygger me ein bassengplatting. Me har jo masse gras, men siden det er pumpe i dette bassenget, vil eg ikkje anbefale å ha det på gras. Våte føtter som springer rundt på graset og hopper oppi bassenget = mye gras i vannet = ødelagt pumpe? Ikkje veit eg, men for å vere sikker, velger me platting. Dessuten orker eg ikkje tanken på å plukke ut alle grasstråene til ei kvar tid heller.

Me vurderte å bygge det nedi den nye plattingen, slik som hegmor har gjort. Se her

Det er knallfint! Men, så kom det ei lita snelle i fjor sommer som i år kjem til å stabbe rundt på plattingen. Med andre ord, for å unngå drukningulykker, bygger me det ikkje ned i jorda. Altså, klart me kunne ha sprunge etter jenta til ei kvar tid, men da blir liksom bassenget meir ein belastning og heile poenget med basseng borte. Derfor legger me det oppå plattingen og så ser me kva lurt me finner på. Kansje me bygger det inn i stedet? 






Som de ser, har me bygd ein ganske solid platting med lite mellomrom mellom bjelkene. Dette er heilt bevisst for å holde oppe mange tonn med vann. Dette er viktig å tenke på så ikkje plattingen dekans kollapser! De kan legge bassenget oppå plattingen som det har, men da ville eg ha skrudd opp bordene der bjelkene er og forsterka under med litt ekstra steiner e.l.. 

Nå er det berre sjølve bordene som mangler før me rigger til bassenget. Og når bordene er på, vil me lettere se korleis me skal sette opp le vegger/ gjerde/ bygge inn basseng osv. Så det gleder eg meg til!


søndag 27. april 2014

Hytteliv

Hytteliv

Hei igjen og vel blåst påske! Eg lovte jo noen bilder fra den berømte hytta vår på Fusa. :) 
Hytte kan man vel ikkje kalle det, men for oss så er det nettopp det..! 

Da kjem det først noen "før" bilder.. 




Så kjem det noen "etter" bilder... 




Dette blir berre ein smakebit. Bildene er tatt med mobil som de sikkert ser.. Eg lover å ha med kameraet neste gang eg skal nedover.. Så skal de få litt fleire og meir seriøse bilder. 

Ha ein fortsatt fin kveld :) 



søndag 20. april 2014

God påske!

Hei alle sammen! Da er eg ein kjapp tur innom for å ønske dekan alle ein fortsatt god påske! Me har kosa oss så mye ved sjøen i påsken med sol, blå himmel, krabber og kos! Me er veldig klar for sommer som de sikkert skjønner.. Så mens alle bergenserene kjørte forbi oss med ski på taket, kjørte me motsatt veg med fiskestang på taket! 

Ha ein fortsatt fin påske :) 




søndag 13. april 2014

Ein flink pappa

Ein flink pappa


Eg er så heldig at eg har ein ekte DIY- pappa. Og for de som ikkje veit kva DIY er, så betyr det
"Do- It- Yourself". 
Etter 50 år i snekkerbuksa tar han ein utfordring og ti fra dattera på strak arm.
Du skjønner.. eg kjøpte denne fine hylla på ein interiørforretning her på Voss for 1-2 år siden. Den er desverre lagt ned no. Og det var jo dumt, for eg trengte fleire.



Me har jo æren av å eige ei lita "hytte" på 12m2 i FU-S-A som me seier.. jepp, eit ekte palass..!
Det er sjølvsagt eit spikertelt.Den malte me sist helg og i påsken skal den oppgraderes litt. Da trengte eg hyller.. 

Pappa bretta opp armene og ordna opp for "vetla" jento si..  Ein kan jo undres om eg arver noe av dette gode genet? Kansje eg skal prøve sjølv neste gang..?

Her er resultatet..
 
Fint, ikkje sant? Eg er heilt imponert av den gamle rakkaren...  
Eg er sikker på han kunne gjort stor business fra snekkerboden på Bryn. 

Dei er ikkje heilt ferdige da, for eg skal kjøpe slike kroker som den øverste original hylla har.. Noen som veit kvar eg får tak i det kansje?  

Resultatet fra spikerteltet kjem sjølvsagt etter påske  


mandag 31. mars 2014

Sommertid

Endelig har me skrudd klokka mot sommeren..
Eit steg nærmare varme, bad, sol, is, grilling og ferie.


 I helga har me begynt å dra ut hagemøbler og pakke vekk akebrett og snømåke. Nå kan våren berre komme! Eg er klar som eit påskeegg.. 

Nye lykter fra kid. Lyktene finner du Her

Kjøpte også desse fine brikkene på kid. 

Nyt sola folkens !






tirsdag 18. mars 2014

Sesserommet til Ava tar form

Dvs.. Et hjørne er ferdig.. eller.. ferdig? Det er det vel ikkje, men det er ihvertfall komt inn ei seng..og kan de se...?Veggen er ferdig tapetsert!! Å holy moly..  Eg har hatt den nye tapetrullen her ei stund no. Gått å sett på den, men tenkt at der får du stå til Birte kjem tilbake. Men no på søndag heiv eg meg i det.. Smurte på lim og fekk den opp. Litt vanskelig i grunn fordi den nye tapeten ikkje samsvarte heilt i repetisjonen av mønstrene  med den gamle..
For de som ikkje skjønner.. Mi kjære venninne Birte var her å hjalp meg.. (for dei som følger meg på facebook, veit det.. Her legger eg ut ting som eg ikkje legger ut på bloggen) Ho gjorde ein fantastisk innsats og det blei så fint!! 
Men.. når me spretta andre rullen med tapet, sjølvsagt for å ta siste stripa, så var det feil på tapeten. Så utrulig irriterende! Så da måtte eg fint finne meg i å vente på ny tapet rull. Men eg fekk god service på fargehandler`en her nede så eg fekk faktisk den "ødelagte" tapeten også. Så den kan eg leike meg med. De ser kansje eg har tapetesert litt på nattbordet..jada.. trur eg er så flink no veit du.. sannheten er vel heller langt i fra.. Når eg sto å tapetserte tenkte eg.. Birte sa "ikkje dra tapet skraperen nedover..." eller var det " ikkje dra tapet skraperen oppover"..??
Så den gikk i alle retninger - berre flaks at den henger, tenker eg..
 


lørdag 8. mars 2014

Utfordring soverom

Nib- jentene utfordrer igjen, og denne gangen er eg frista til å bli med. Litt spennende igrunn og litt skummelt.. har aldri prøvd dette før, så for min del må målet vere å delta. Så mange flotte soverom alle bloggerene har!! 
Utfordringen finner dere her Nib utfordring

Utfordringen var å re sengene, dra opp rullegardina og la kameraet bli med inn på soverommet. Og kameraet mitt...? Jo, det blei med.. ! Så her er mitt bidrag Nib- jenter.







Det er ikkje så lenge siden eg blogga om dette soverommet, siden eg fikk for meg å lage sengehimmel i romjula.. Joda, romjula.. som om me ikkje har andre ting å tenke på da..
Eg ønska meg eit hotellsoverom. Kvifor skal me berre ha det fint på hotell og ikkje heime? Det er jo heime me søv oftest. Det er ihvertfall svært sjelden me i snekkerboden sjekker inn på hotell.. Eg vil ha eit soverom som eg gleder meg til å komme inn i, som gir meg ro og ei god nattesøvn.  
Soverommet har blitt døpt sjeikerommet etter denne episoden. Min mann.. omtalt som vaktmannen, kom heim fra jobb og vart litt overraska kan du sei. Eg trur ikkje sengehimmel var øverst på ønskelista hans for å sei det sånn.. Han meinte det var litt vel feminint! Men når bloggeren skulle overtale mannen om at dette var fint for gutter og ikkje berre jenter, måtte eg dra ein historie om at alle sjeikene har sånn seng og at han kunne late som om han var ein skikkelig rik mann. Dermed blei det sjeikerommet. 
Rik eller ikkje rik, sengehimmel og vaktmann- sjeik har no eg ihvertfall.. :)