Her er gutterommet til Jonathan som er 7 år.


I sommar hadde me eit lite prosjekt på rommet hans. Me skulle gjere det litt kult som
han seier. Han hadde (heldigvis for meg) få ønsker om korleis det
skulle se ut.. Så mor fekk tenke praktisk. Gutterom er gutterom. Det
skal brukes til leik og vere funksjonelt.. Det skal ikkje se ut som eit
interiør paradis spør du meg..
Ein
liten samtale i forkant hadde me.- kva leiker leiker han faktisk
med..?! Me vart einige om at han leika med eit par- tre ting. Og at
barn som ikkje har leiker, skulle få dei han ikkje brukte.
(No vart det fretex i dette tilfelle, me skulle gjerne kjørt på eit asylmotak i stedet.. - neste gang)
Aller
helst ville han ha alt sjølv.. kunne jo vær at han plutselig skulle
leike med noe igjen..? Eg sto på mitt og argumenterte med at det blei
mindre å rydde og lettere å holde orden. Guten gikk på og avtalen var i
boks!! Når me var komt så langt i forhandlingane, kom det eit kriterie
frå han om at leikene (stakkarsen hadde igjen) skulle vere lett tilgjengelig. Mor måtte dermed inngå eit kompromiss.
I neste økt vart me einige om farger.. Me måtte ha noe som ikkje var så barnslig meinte han.
Fargekode; svart, grå og turkis..
Eit
anna av kriteria han hadde var å beholde ei ekstra seng som sto der
slik at han kunne ha gjester.. Så den sprita me opp og lagde om til ein
sofa med eit sengeteppe fra Ellos.
Du legger sikkert merke til at det ikkje er noko pult på rommet hans.. og det stemmer. Grunn?
For
det første rauk den til når me skulle lage legobord. For det andre
brukte han den aldri. Leksene blir gjort på spisebordet mens mor lager
middag. Og sånn blir det nok i mange, mange år framover..
Korleis ha tilgjengelige leiker?
Leikene
er som du ser godt organisert i ikea sine oppbevaringsbokser på ei
hylle. Tru det eller ei, men guten har til per dags dato full kontroll
og sorterer som berre juling. Mindre leiker = lettere å holde orden. Så
mor hadde altså rett... Kven skulle trudd??
Så
var det den legoen da.. Hvis eg seier at eg ikkje fekk lov å rydde bort
ting han hadde bygd. Det skulle stå på stovebordet / golvet/
kjøkkenbenken osv. til neste gang han skulle leike med det..!! Så kjenner vel dei fleste mødre seg igjen ..?!?
Dritt
lei av å støvsuge på lego for så å sitte å grave i støvsugerposen i 4
timer etterpå etter eit blinklys på ein bil førte til frustrasjon og
googling. "lure ideer til lego oppbevaring". Etter å ha sett eit lego
bord (sånn som dei har på alle butikker for å underholde ungene) fekk eg
ein ide. Det knaka fælt i skrotten på unge Bryn då skal eg sei.. ideen
om å lage "heimelaga" legobord :)
Legobordet er flittig i bruk!!
Oppskrift:
Bordplate (IKEA)
Bordbein (IKEA)
Trofast oppbevaringskasse (IKEA)
Lego og legobrett/-veg
Ein handy bestefar som skjærer hol i bordplata
Eg
har brukt dobbeltsidig teip på legobrettene. Og sortert lego i kassene.
Figurer i ein, biler i ein, hus i ein, klosser i ein osv..
Legobordet er 2m langt. Brukte to bordplater og 8 oppbevaringsbokser.
Desse stablestolene fra IKEA er supre!!
Eg
trur min kjære mann er litt bekymra for om ungene våre får varige men av
dette interiørgreiene mine. Ein lørdagskveld for 2 veker siden klokka
22.30 spurte nemlig Jonathan meg; mamma, skal me ommøblere stova? Mor jubler av glede, kasta genseren og satte i gang. Er det tid for bekymring??
Neisj... Tenk kor kreativ han blir...!!