Viser innlegg med etiketten Jenterom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jenterom. Vis alle innlegg

lørdag 24. mai 2014

Bambi

Bambi

Ava har fått seg ny nattlampe :)  
Har jo hatt denne bambi nattlampen på ønskelista lenge.. og plutselig ein dag kom eg over den på 40%. 
Da slo eg til. Den var jo mye større enn eg trudde, men fin var den!!



Ellers har eg kjøpt mye fra sebra. Har de sett dei fine teppene?? dyre, men fine! Ava fekk eit til dåpen. Da hadde jo mor i huset for lengst planlagt rommet ...  i detaljer.. Ho fekk også denne sebra dukkevogna, dukka og puta/dyna. Har også kjøpt fleire knagger og kleshengere, men har ikkje hengt dei opp enda. Det er mulig det blir litt endringer i denne detaljerte planen. hihi.. 

 
I dag blir det rydding og sortering av klær her i snekkerboden. Her ligger det fremdeles ull i skapet. Tenker ungene har ei lang liste på alt dei treng til sommeren. Dei vokser så fort..

Ha ei fin helg alle!! 

tirsdag 18. mars 2014

Sesserommet til Ava tar form

Dvs.. Et hjørne er ferdig.. eller.. ferdig? Det er det vel ikkje, men det er ihvertfall komt inn ei seng..og kan de se...?Veggen er ferdig tapetsert!! Å holy moly..  Eg har hatt den nye tapetrullen her ei stund no. Gått å sett på den, men tenkt at der får du stå til Birte kjem tilbake. Men no på søndag heiv eg meg i det.. Smurte på lim og fekk den opp. Litt vanskelig i grunn fordi den nye tapeten ikkje samsvarte heilt i repetisjonen av mønstrene  med den gamle..
For de som ikkje skjønner.. Mi kjære venninne Birte var her å hjalp meg.. (for dei som følger meg på facebook, veit det.. Her legger eg ut ting som eg ikkje legger ut på bloggen) Ho gjorde ein fantastisk innsats og det blei så fint!! 
Men.. når me spretta andre rullen med tapet, sjølvsagt for å ta siste stripa, så var det feil på tapeten. Så utrulig irriterende! Så da måtte eg fint finne meg i å vente på ny tapet rull. Men eg fekk god service på fargehandler`en her nede så eg fekk faktisk den "ødelagte" tapeten også. Så den kan eg leike meg med. De ser kansje eg har tapetesert litt på nattbordet..jada.. trur eg er så flink no veit du.. sannheten er vel heller langt i fra.. Når eg sto å tapetserte tenkte eg.. Birte sa "ikkje dra tapet skraperen nedover..." eller var det " ikkje dra tapet skraperen oppover"..??
Så den gikk i alle retninger - berre flaks at den henger, tenker eg..
 


mandag 27. januar 2014

" Sesserom"

*Sesserom*
Då er endelig planleggingen av prinsesserommet i gang..! Men det spørs kortid det faktisk trer i kraft. Det blir ihvertfall ikkje dei første vekene. Men pappaen skal jo snart i pappapermisjon. Er det ikkje perfekt?? Han har sikkert tenk som meg, at då skal han bruke sovetida til snuppa på oppussing... Eller NOT!! 
Eg trur nok desverre ikkje me deler den samme entusiasmen akkurat der. Dessuten har eg fått beskjed om å henge opp "den der fugle tapeten min sjølv." Han var ikkje særlig begeistra som du sikkert forstår. Heldigvis har han ikkje spurt kva den kosta!!! Då trur eg at eg må sei at eg fann den i ei restekorg. Sannheten er vel i grunn langt der i fra. 

Jaja.. Eg kan jo ikkje henge opp tapet..!! Eg fikk det forklart i butikken.. hørtes greit ut, heilt til han kom til "dei med skjeve vegger" då datt eg ut.. Eg såg munnen hans fremdeles bevegde seg, han forklarte sikkert korleis dei "med skjeve vegger " skal gjere det, men alt eg tenkte på var at det gjaldt definitivt meg.. Rekna kjapt i hovet at ein feil blir svært kostbar, bestemte meg der og då for å betale noen andre for å gjere det. Så eg berre smilte fint og sa at dette fiksa eg.  Så.. hvis du kan, eller kjenner noen som kan, så må eg ønske deg hjertelig velkommen!  :)

Nok om det.. Her skal de få ein liten smakebit av handlelista mi. Og ikkje minst kva eg har fått i boks!!

Sebra teppe i boks! Det har så utrulig mange fine farger!! Liker dette teppet mye bedre enn dei med tjukke striper. 


Sebra dukkevogn og dukke har ho fått av tante Inger! 


Sebra knagger fra farmor 
 Vimpel med navn på fekk ho av skjønneste søskenbarnet Vilde til jul.

Dette nydelige prinsessebildet har min flinke søster malt. Åse Bryn

Og her er den berømte tapeten.. Er den ikkje nydelig??! Eg gleder meg så mye til å se den på veggen. Skal berre ha den på ein vegg. Synes det er nok. Ellers blir det litt "overkill" for min del. 


Handlelista / ønskelista: 
Klart ho skal ha bambi nattlampe!! Det er jo eit must have!! Venter på at skjønne Bodil på "Glade barn" skal ta den inn i butikken til meg. Så den er halvvegs i boks. Sengehimmel har eg funne eit hav av på ebay.. ( til 1/3 av norsk pris ) Klart amerikanerne har flust av det ;) så eg må berre bestemme meg for kven eg vil ha. Rosa lysekrone fra Ellos. Lurer på den, men har ikkje heilt bestemt meg. Så synes eg dei engle lyslenkene er så fine.. Spørs om eg må finne ein plass til den? 

Ellers skal eg male litt møbler. Og gardiner trur eg må vente til slutt. Når eg ser alt for meg. 

Ha ein fin kveld!