Nib- jentene utfordrer igjen, og denne gangen er eg frista til å bli med. Litt spennende igrunn og litt skummelt.. har aldri prøvd dette før, så for min del må målet vere å delta. Så mange flotte soverom alle bloggerene har!!
Utfordringen var å re sengene, dra opp rullegardina og la kameraet bli med inn på soverommet. Og kameraet mitt...? Jo, det blei med.. ! Så her er mitt bidrag Nib- jenter.
Det er ikkje så lenge siden eg blogga om dette soverommet, siden eg fikk for meg å lage sengehimmel i romjula.. Joda, romjula.. som om me ikkje har andre ting å tenke på da..
Eg ønska meg eit hotellsoverom. Kvifor skal me berre ha det fint på hotell og ikkje heime? Det er jo heime me søv oftest. Det er ihvertfall svært sjelden me i snekkerboden sjekker inn på hotell.. Eg vil ha eit soverom som eg gleder meg til å komme inn i, som gir meg ro og ei god nattesøvn.
Soverommet har blitt døpt sjeikerommet etter denne episoden. Min mann.. omtalt som vaktmannen, kom heim fra jobb og vart litt overraska kan du sei. Eg trur ikkje sengehimmel var øverst på ønskelista hans for å sei det sånn.. Han meinte det var litt vel feminint! Men når bloggeren skulle overtale mannen om at dette var fint for gutter og ikkje berre jenter, måtte eg dra ein historie om at alle sjeikene har sånn seng og at han kunne late som om han var ein skikkelig rik mann. Dermed blei det sjeikerommet.
Rik eller ikkje rik, sengehimmel og vaktmann- sjeik har no eg ihvertfall.. :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar