mandag 12. mai 2014

Meir platting og basseng

Meir platting og basseng

 Da blogges det igjen etter gammelt.. Det går nemlig i hundre her i snekkerboden skjønner de, ja, sånn som det gjer hos dei fleste vil eg tru :) 

Me har i den siste tida begynt på eit nytt prosjekt. Dei fleste vil sei det er galskap, men det er ikkje så gale som det høres ut som. I 2011 bygde me nemlig ein stor platting på eine kortsida av huset. Den er  på ca.70m2. Og no lager me ein ny platting som forlenger eksisterende platting. Så kan du lure på kvifor me treng den..

I fjor da lille prinsessa kom til verden, var eg aleine med ungene ein kort periode fordi min kjære vaktmann var vekkreist. Så, for at eg skulle få litt avlastning kom eg på den gode ideen at eg skulle kjøpe eit nytt basseng til guttene. Når eg hadde kikka litt kom eg over eit litt større basseng på heile 3,66m i diameter. 



Det kosta vel ca 1500kr. Me kjøper nytt basseng kvart år pga hull og div. Så eg rekna kjapt i hodet at eg fort ville tjene inn igjen dette bassenget. Eg slo til og må inrømme at det var verdt kvar eineste krone! I tillegg til mye leik og underholdning, lærte eldstemann å svømme!

Her ser de litt av utvalget Toysrus har. Mål, størrelser og utstyr. 



Me har basseng nr 4. Det minste av dei største. Siden bassenget er 3,66m i diameter seier det seg sjølv kor mykje av den store fine plattingen som forsvinn. Så no bygger me ein bassengplatting. Me har jo masse gras, men siden det er pumpe i dette bassenget, vil eg ikkje anbefale å ha det på gras. Våte føtter som springer rundt på graset og hopper oppi bassenget = mye gras i vannet = ødelagt pumpe? Ikkje veit eg, men for å vere sikker, velger me platting. Dessuten orker eg ikkje tanken på å plukke ut alle grasstråene til ei kvar tid heller.

Me vurderte å bygge det nedi den nye plattingen, slik som hegmor har gjort. Se her

Det er knallfint! Men, så kom det ei lita snelle i fjor sommer som i år kjem til å stabbe rundt på plattingen. Med andre ord, for å unngå drukningulykker, bygger me det ikkje ned i jorda. Altså, klart me kunne ha sprunge etter jenta til ei kvar tid, men da blir liksom bassenget meir ein belastning og heile poenget med basseng borte. Derfor legger me det oppå plattingen og så ser me kva lurt me finner på. Kansje me bygger det inn i stedet? 






Som de ser, har me bygd ein ganske solid platting med lite mellomrom mellom bjelkene. Dette er heilt bevisst for å holde oppe mange tonn med vann. Dette er viktig å tenke på så ikkje plattingen dekans kollapser! De kan legge bassenget oppå plattingen som det har, men da ville eg ha skrudd opp bordene der bjelkene er og forsterka under med litt ekstra steiner e.l.. 

Nå er det berre sjølve bordene som mangler før me rigger til bassenget. Og når bordene er på, vil me lettere se korleis me skal sette opp le vegger/ gjerde/ bygge inn basseng osv. Så det gleder eg meg til!