fredag 30. mai 2014

EpLeTrE

EpLeTrE

Sola skinner over Vossabygda og sommeren har meldt sin ankomst.. 
Da er det på tide å slå graset, vatne blomane og plante på nytt.. I år blei det endelig til at me kjøpte oss eit epletre.. Dette har me snakka om lenge.
Etter at me hadde betalt og komt oss til bilen, hadde me nokre minutt med latterkrampe før me omsider kom oss heim.. 


Joda.. Stakkars vaktmannen måtte gå heim med epletre`et i hånda. Spontant epletrekjøp kan straffe seg.. 

Men no er epletreet planta godt ned i jorda og vaktmannen duller med det som om det skulle komme gull epler av det.

 No er me svært spent på om det kjem epler :) 


Me har nemlig eit kirsebærtre, men det har fått sjuka, så det har blitt klatre tre`et til gutta. Når me var på visning på huset her i 2010 så hang gutta i tre`et fra me kom til me gikk, så det har liksom blitt litt symbolsk. Det var i grunn bildet av gutta i tre`et som viste oss framtida her i snekkerboden. Så me har ikkje hjerte til å hugge det ned. Hvis noen der ute har noen gode råd, så er det berre å komme med det!!


Ellers fekk eg og Ava planta litt nye stauder. Dei fleste me hadde fra før klarte ikkje motstå kong vinter. 



 Me er langt i fra ferdige med plantinga for i år.. Eg ønsker meg nemlig 2-3 magnolia tre.. 



Ha ei fin helg folkens!!


lørdag 24. mai 2014

Bambi

Bambi

Ava har fått seg ny nattlampe :)  
Har jo hatt denne bambi nattlampen på ønskelista lenge.. og plutselig ein dag kom eg over den på 40%. 
Da slo eg til. Den var jo mye større enn eg trudde, men fin var den!!



Ellers har eg kjøpt mye fra sebra. Har de sett dei fine teppene?? dyre, men fine! Ava fekk eit til dåpen. Da hadde jo mor i huset for lengst planlagt rommet ...  i detaljer.. Ho fekk også denne sebra dukkevogna, dukka og puta/dyna. Har også kjøpt fleire knagger og kleshengere, men har ikkje hengt dei opp enda. Det er mulig det blir litt endringer i denne detaljerte planen. hihi.. 

 
I dag blir det rydding og sortering av klær her i snekkerboden. Her ligger det fremdeles ull i skapet. Tenker ungene har ei lang liste på alt dei treng til sommeren. Dei vokser så fort..

Ha ei fin helg alle!! 

mandag 12. mai 2014

Meir platting og basseng

Meir platting og basseng

 Da blogges det igjen etter gammelt.. Det går nemlig i hundre her i snekkerboden skjønner de, ja, sånn som det gjer hos dei fleste vil eg tru :) 

Me har i den siste tida begynt på eit nytt prosjekt. Dei fleste vil sei det er galskap, men det er ikkje så gale som det høres ut som. I 2011 bygde me nemlig ein stor platting på eine kortsida av huset. Den er  på ca.70m2. Og no lager me ein ny platting som forlenger eksisterende platting. Så kan du lure på kvifor me treng den..

I fjor da lille prinsessa kom til verden, var eg aleine med ungene ein kort periode fordi min kjære vaktmann var vekkreist. Så, for at eg skulle få litt avlastning kom eg på den gode ideen at eg skulle kjøpe eit nytt basseng til guttene. Når eg hadde kikka litt kom eg over eit litt større basseng på heile 3,66m i diameter. 



Det kosta vel ca 1500kr. Me kjøper nytt basseng kvart år pga hull og div. Så eg rekna kjapt i hodet at eg fort ville tjene inn igjen dette bassenget. Eg slo til og må inrømme at det var verdt kvar eineste krone! I tillegg til mye leik og underholdning, lærte eldstemann å svømme!

Her ser de litt av utvalget Toysrus har. Mål, størrelser og utstyr. 



Me har basseng nr 4. Det minste av dei største. Siden bassenget er 3,66m i diameter seier det seg sjølv kor mykje av den store fine plattingen som forsvinn. Så no bygger me ein bassengplatting. Me har jo masse gras, men siden det er pumpe i dette bassenget, vil eg ikkje anbefale å ha det på gras. Våte føtter som springer rundt på graset og hopper oppi bassenget = mye gras i vannet = ødelagt pumpe? Ikkje veit eg, men for å vere sikker, velger me platting. Dessuten orker eg ikkje tanken på å plukke ut alle grasstråene til ei kvar tid heller.

Me vurderte å bygge det nedi den nye plattingen, slik som hegmor har gjort. Se her

Det er knallfint! Men, så kom det ei lita snelle i fjor sommer som i år kjem til å stabbe rundt på plattingen. Med andre ord, for å unngå drukningulykker, bygger me det ikkje ned i jorda. Altså, klart me kunne ha sprunge etter jenta til ei kvar tid, men da blir liksom bassenget meir ein belastning og heile poenget med basseng borte. Derfor legger me det oppå plattingen og så ser me kva lurt me finner på. Kansje me bygger det inn i stedet? 






Som de ser, har me bygd ein ganske solid platting med lite mellomrom mellom bjelkene. Dette er heilt bevisst for å holde oppe mange tonn med vann. Dette er viktig å tenke på så ikkje plattingen dekans kollapser! De kan legge bassenget oppå plattingen som det har, men da ville eg ha skrudd opp bordene der bjelkene er og forsterka under med litt ekstra steiner e.l.. 

Nå er det berre sjølve bordene som mangler før me rigger til bassenget. Og når bordene er på, vil me lettere se korleis me skal sette opp le vegger/ gjerde/ bygge inn basseng osv. Så det gleder eg meg til!