søndag 13. april 2014

Ein flink pappa

Ein flink pappa


Eg er så heldig at eg har ein ekte DIY- pappa. Og for de som ikkje veit kva DIY er, så betyr det
"Do- It- Yourself". 
Etter 50 år i snekkerbuksa tar han ein utfordring og ti fra dattera på strak arm.
Du skjønner.. eg kjøpte denne fine hylla på ein interiørforretning her på Voss for 1-2 år siden. Den er desverre lagt ned no. Og det var jo dumt, for eg trengte fleire.



Me har jo æren av å eige ei lita "hytte" på 12m2 i FU-S-A som me seier.. jepp, eit ekte palass..!
Det er sjølvsagt eit spikertelt.Den malte me sist helg og i påsken skal den oppgraderes litt. Da trengte eg hyller.. 

Pappa bretta opp armene og ordna opp for "vetla" jento si..  Ein kan jo undres om eg arver noe av dette gode genet? Kansje eg skal prøve sjølv neste gang..?

Her er resultatet..
 
Fint, ikkje sant? Eg er heilt imponert av den gamle rakkaren...  
Eg er sikker på han kunne gjort stor business fra snekkerboden på Bryn. 

Dei er ikkje heilt ferdige da, for eg skal kjøpe slike kroker som den øverste original hylla har.. Noen som veit kvar eg får tak i det kansje?  

Resultatet fra spikerteltet kjem sjølvsagt etter påske  


Ingen kommentarer: