mandag 23. desember 2013

God jul!


Julero..

Då har roen senka seg i snekkerboden også. Dvs. fordi ungene er lagt og mor i huset har rydda effektivt i 3 timer. Ungene har vert høgt og lågt i dag. Dei bygger seg opp som to vulkaner som snart skal ekspoldere! Ikkje så rart i grunn, spenningen overtar fornuften. 

I dag har dei knept på pakkane som ligg under treet.. (det ligg kansje 8 pakker der..) Eg såg tårene sto i augene på dei når størstemann som kan lese oppdaga at det ikkje var så mange pakker til dei.. Dei hata jula eit lite augeblikk då dei trudde at dette var alt. Heilt til mamma sa "det er mange posar med pakker i kjelleraren".. då vart det fart i dei skal eg sei, då kom både gangnamstyle og the fox dansen samtidig. 

Før dei la seg i kveld..(ja, dei har lagt seg, men du kan tru om igjen hvis du trur dei søv..) så hang dei opp julesokken sin. Svært spent på dette om nissen fins eller om det berre er nokon som har kledd seg ut. Eldstemann er litt usikker.Han meinte at nokon på skulen hadde sagt at nissen berre var ein far som hadde kledd seg ut, så han var litt skepitsk. Leon derimot er ganske overbevist om at nissen bur på Nordpolen. Tida vil vise, sa eg. 










I morgo blir det masse besøk :)  Søstra mi og familien kjem på graut mens middagen blir med svigers. Alle er hjertelig velkommen! 

Med dette ønsker eg alle ei riktig god jul! 
Håper de får ei fin feiring i lag med familie og at de husker å glede andre! 
God jol frå Voss



Ingen kommentarer: