tirsdag 12. november 2013

Gutterom


Her er gutterommet til Jonathan som er 7 år.



I sommar hadde me eit lite prosjekt på rommet hans. Me skulle gjere det litt kult som han seier. Han hadde (heldigvis for meg) få ønsker om korleis det skulle se ut.. Så mor fekk tenke praktisk. Gutterom er gutterom. Det skal brukes til leik og vere funksjonelt.. Det skal ikkje se ut som eit interiør paradis spør du meg.. 
Ein liten samtale i forkant hadde me.- kva leiker leiker han faktisk med..?!  Me vart einige om at han leika med eit par- tre ting. Og at barn som ikkje har leiker, skulle få dei han ikkje brukte.
 (No vart det fretex i dette tilfelle, me skulle gjerne kjørt på eit asylmotak i stedet.. - neste gang) 
Aller helst ville han ha alt sjølv.. kunne jo vær at han plutselig skulle leike med noe igjen..? Eg sto på mitt og argumenterte med at det blei mindre å rydde og lettere å holde orden. Guten gikk på og avtalen var i boks!! Når me var komt så langt i forhandlingane, kom det eit kriterie frå han om at leikene (stakkarsen hadde igjen) skulle vere lett tilgjengelig. Mor måtte dermed inngå eit kompromiss.

I neste økt vart me einige om farger.. Me måtte ha noe som ikkje var så barnslig meinte han. 
Fargekode; svart, grå og turkis..
 


 Eit anna av kriteria han hadde var å beholde ei ekstra seng som sto der slik at han kunne ha gjester.. Så den sprita me opp og lagde om til ein sofa med eit sengeteppe fra Ellos.


Du legger sikkert merke til at det ikkje er noko pult på rommet hans.. og det stemmer. Grunn? 
For det første rauk den til når me skulle lage legobord. For det andre brukte han den aldri. Leksene blir gjort på spisebordet mens mor lager middag. Og sånn blir det nok i mange, mange år framover.. 

Korleis ha tilgjengelige leiker? 


Leikene er som du ser godt organisert i ikea sine oppbevaringsbokser på ei hylle. Tru det eller ei, men guten har til per dags dato full kontroll og sorterer som berre juling. Mindre leiker = lettere å holde orden. Så mor hadde altså rett... Kven skulle trudd??

Så var det den legoen da.. Hvis eg seier at eg ikkje fekk lov å rydde bort ting han hadde bygd. Det skulle stå på stovebordet / golvet/ kjøkkenbenken osv. til neste gang han skulle leike med det..!!  Så kjenner vel dei fleste mødre seg igjen ..?!?  
Dritt lei av å støvsuge på lego for så å sitte å grave i støvsugerposen i 4 timer etterpå etter eit blinklys på ein bil førte til frustrasjon og googling. "lure ideer til lego oppbevaring". Etter å ha sett eit lego bord (sånn som dei har på alle butikker for å underholde ungene) fekk eg ein ide. Det knaka fælt i skrotten på unge Bryn då skal eg sei..  ideen om å lage "heimelaga" legobord  :) 


Legobordet er flittig i bruk!! 

Oppskrift:
Bordplate (IKEA)
Bordbein  (IKEA)
Trofast oppbevaringskasse (IKEA)
Lego og legobrett/-veg
Ein handy bestefar som skjærer hol i bordplata

Eg har brukt dobbeltsidig teip på legobrettene. Og sortert lego i kassene. Figurer i ein, biler i ein, hus i ein, klosser i ein osv..
Legobordet er 2m langt. Brukte to bordplater og 8 oppbevaringsbokser.  


Desse stablestolene fra IKEA er supre!!


Eg trur min kjære mann er litt bekymra for om ungene våre får varige men av dette interiørgreiene mine. Ein lørdagskveld for 2 veker siden klokka 22.30 spurte nemlig Jonathan meg; mamma, skal me ommøblere stova? Mor jubler av glede, kasta genseren og satte i gang. Er det tid for bekymring?? 
Neisj... Tenk kor kreativ han blir...!!


 

3 kommentarer:

Yvonne sa...

dette var jo skikkelig tøft!

nr.15 sa...

Dette var råtøft! Heldige gutt du har!
Har tenkt på å lage et sånn langbord til gutten her i huset og, men ikke tenkt fullt så langt og kreativt som deg;-)
Klem

Unknown sa...

Tusen takk :) Enkelt og praktisk.. og veldig populært. Det er lov å herme!! - så kjekt å inspirere. Fint om de linker tilbake til meg om de bruker min ide ;) Ha ein fin kveld :)